Nyheter

Siste nyheter fra Misjonssalen Ålesund

20. november 2015

Julemesse i Misjonssalen

No nærmar den årlege julemessa i Misjonssalen seg igjen!
Tradisjonen tru blir dette ein laurdag med høge smørbrød, fleire moglegheiter til å prøve vinnerlukka, sal av minst sju slag julekaker, kreative julegåver, inspirerande møte og samlingar med Bibel og god song og musikk, og mykje tid til å sitje ned og prate rundt ein kaffikopp eller to. I tillegg blir det juleverkstad og anna opplegg for borna, så denne dagen passar for alle. Og det beste? Alle pengane som kjem inn denne dagen går til NLM sitt bistands- og misjonsarbeid. Slik kan du vere med å gi til nokon som treng alt dei kan få!
Klokka 10:00 åpner dørene og salget starter 
Klokka 12:00 blir det møte med andakt av barne- og familiearbeider Silje Tunheim og sang av Misjonssalens barnekor Rejoice.
Klokka 16:00 blir det møte med andakt av forsamlingsleder Andreas Bakke og sang av en mannsgruppe i Misjonssalen.
Velkomen til julemessa i Misjonssalen!
Sist redigert fredag, 20 november 2015 15:10

NLM Ålesund Misjonsforsamling

Myrabakken næringssenter

Spjelkavikvegen 132

6010 Ålesund

misjonssalen@misjonssalen.net

Kontonummer: 3910 24 49154

 

 

NLM 1 RGB1

Dagens bibelord